Laminert deig er ein type deig danna av mange tynne deiglag med matfeitt imellom. Han blir laga ved at ein bretter og kjevlar deigen fleire gonger. Han skil seg frå andre smørdeigar der ein smuldrar feittet inn slik at det blir jamt fordelt i deigen.[1] Nokre laminerte deigar kan ha over åtti lag.[2]
Når ein baker ein slik deig i omnen, vil vatn i feittet fordampa og utvida seg, slik at deigen veks og får luftlommar, medan lipidane i feittet steiker deigen. Dette gjev eit lett, sprøtt og flakete produkt.[3]
Tre hovudtypar av laminert deig er kjende som butterdeig, som hovudsakleg er laga av mjøl og smør, croissantdeig, som i tillegg inneheld gjær, og wienerdeig, som i tillegg til alt dette også inneheld egg. Ein kan også laminera ein mørdeig ved å bretta inn større bitar matfeitt. Baking med filodeig har ein liknande effekt, ettersom ein gjerne bruker mange lag med feitt imellom.
Nokre bakverk ein lager med laminerte deigar er: