Landing on Water Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. juli 1986 | |
Innspelt | August 1983 - mars 1986 | |
Studio | Broken Arrow Ranch i Woodside i California og Record One i Los Angeles | |
Sjanger | Rock, new wave | |
Lengd | 40:04 | |
Selskap | Geffen | |
Produsent | Danny Kortchmar, Neil Young | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Old Ways (1985) |
Landing on Water | Life (1987)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | C+[2] |
Rolling Stone | (positiv)[3] |
Landing on Water er eit album av Neil Young som kom ut i 21. juli 1986 på Geffen Records.
Fleire av songane på albumet vart henta fram att frå eit mislukka prosjekt av Young og Crazy Horse frå 1984 - ei innspeling der produsenten David Briggs hevda dei «spelte som apekattar».
Young hadde berre med seg medprodusent Danny Kortchmar på gitar og Steve Jordan på trommer, samt at alle tre spelte synthesizerar. Neil Young prøvde her å blande den grove rocken sin med moderne trendar i popmusikken, særleg trommer langt framme i lydbiletet. Vokalen til Young er derfor stundom nesten gravlagd, medan tromminga til Jordan dominerer. I følgje Allmusic har ikkje dette så mykje å seie, sidan dei fleste songane er dårlege likevel.[4] Songen «Hippie Dream» vert derimot trekt fram som ein av dei betre.[4]
Landing on Water om ut etter Young hadde ordna opp i søksmålet frå Geffen Records, som saksøkte Young for 3,3 millionar dollar fordi dei meinte platene til Young så langt på 80-talet hadde vore for ukommersielle og musikalsk ukarakteristiske. Seinare kom David Geffen med ei personleg årsaking til Young for søksmålet og for å ha forstyrra arbeidet hans.