Langfjella

Langfjella (i grønt) og Jotunheimen vist på kart over Sør-Noreg.

Langfjella er ei nemning på den sørlegaste delen av Dei skandinaviske fjella, der dei deler Sør-Noreg på langs. Dei går frå frå Heiane i sør til Jotunheimen i nord. Fjellkjeda deler Sør-Noreg i to, Vestlandet og Austlandet. Dei dekkjer bortimot 20 forskjellige fjellområde.

Omgrepet «Langfjella» blir særleg brukt innan vêrvarsling, då det ofte er eit vêrskilje ved fjella. Området aust for Langfjella blir då ofte omtalt som «Austafjells» eller «Østafjells». Omgrepet er også mykje brukt i geografi, fordi Langfjella utgjer eit vasskilje.

Langfjella er ein rest av Den kaledonske fjellkjeda.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne