Lapporten | |||
Tjuonavagge, Čuonjávággi | |||
dal | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Län | Norrbotten | ||
Kommune | Kiruna | ||
Koordinatar | 68°16′06″N 18°58′37″E / 68.26833°N 18.97694°E | ||
![]() Lapporten 68°16′06″N 18°58′37″E / 68.268244444444°N 18.976822222222°E | |||
Wikimedia Commons: Lapporten |
Lapporten eller Tjuonavagge (nordsamisk Čuonjávággi) er ein nordvest-søraustgående U-dal med karakteristisk profil i Abiskoområdet i Nord-Sverige.
Dalen er avgrensa i sørvest av fjellet Nissuntjårro og i nordaust av Tjuonatjåkka. Lapporten ligg i Nissuntjårros Natura 2000-område. I midten av dalen ligg innsjøen Čuonjájávri, 950 meter over havet, med utløp mot nordvest mot Torneträsk via elva Miellejohka. Terrenget er lettgått, men manglar markert tursti.
Det samiske namnet til dalen Čuonjávággi tyder på norsk Gåsdalen.
Lapporten er eit av dei mest avbilda fjellmotiva i Sverige.