Lardal | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 277,69 km² | ||
Folketal | 2 474 (1. januar 2016)[1] | ||
![]() Lardal 59°22′56″N 9°54′19″E / 59.382222°N 9.905278°E | |||
Wikimedia Commons: Lardal |
Lardal er ein tidlegare norsk kommune i Vestfold fylke. Innlandskommunen omfatta den øvste delen av Lågendalen med Numedalslågen i fylket, med sidedalen Herlandsdalen i nordvest og åsane omkring. I vest grensa Lardal til Telemark og i nord og nordvest til Buskerud. 1. januar 2018 blei Lardal kommune lemma inn i Larvik kommune.
Den rette uttalen av namnet Lardal (som nytta i Vestfold) er med trykk på fyrste staving, med stum 'r' og leddet «dal» blir uttalt med 'æ' og tjukk 'l'. Tonem (tonelag) skal vere som «Sola» (staden), ikkje som «sola» (stjerna).
Kommunevåpenet som blei brukt av kommunen er dominert av ei hulder, på grunn av at tradisjonen om huldra frå gammalt av stod sterkt i indre Vestfold.