Lars Bremnes | |||
![]() Lars Bremnes på scenen foto:Troms Arbeiderparti | |||
Fødd | 4. desember 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Svolvær | ||
Opphav | Noreg | ||
Plateselskap | Kirkelig Kulturverksted | ||
Verka som | musikar, gitarist, plateartist | ||
Far | Ole H. Bremnes | ||
Gift med | Marianne Bremnes | ||
Prisar | Nordland fylkes kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang |
Lars Bremnes (fødd 4. desember 1964) er ein norsk musikar (gitarist og tenorsaksofonist) og låtskrivar, bror av Ola Bremnes og Kari Bremnes som han har samarbeidd med ved fleire høve. Dei er fødde i Svolvær, som barn av Ole H. Bremnes.
Lars Bremnes leidde frå 1991 sitt eige band med Terje Johannesen, Georg Buljo, Helge Harstad og Anders Engen, som vart nominert til Spellemannprisen 1994 for Stjernesukkertøy. Han har hatt stor suksess med melodiane Fiolinan og Å kunne æ skrive.
Saman med Ola og Kari fekk han Spellemannprisen 2000 i klassen «viser og viserock» for albumet Soløye. For albumet Hjertekaptein med eigne melodiar, vann han Spellemannprisen 2006 i klassen viser. Han fekk Prøysen-prisen 2009 saman med broren Ola. Lars Bremnes er gift med Marianne Bremnes, og dei har to barn.