Lastebil

Volvo FH bulldogbil med slepvognNew Zealand.

Lastebil er eit køyretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn.

Lastebilar spelar ein sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting.

I Noreg skil Statens vegvesen mellom «klasse C1 (lett lastebil)»[1] og «klasse C (lastebil)»[2] (òg kalla «tung lastebil»), der lette lastebilar har tillaten totalmasse mellom 3500 og 7500 kg og tunge lastebilar har tillaten totalmasse på over 7500 kg. For å føra lastebil krevst det førarkort klasse C og for lett lastebil klasse C1. For å føra lastebil og lett lastebil med tilhengar over 750 kg krevst det førarkort klasse CE respektiv C1E.

Denne artikkelen handlar om lastebilar generelt, medan ulike typar og lastebilar for ulike oppgåver vert handsama i støtteartiklar.

  1. Klasse C1 (lett lastebil) Arkivert 2011-02-07 ved Wayback Machine., Statens vegvesen.
  2. Klasse C (lastebil) Arkivert 2015-04-29 ved Wayback Machine., Statens vegvesen.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne