Lavik | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger | ||
Postnummer | 6947 LAVIK | ||
Innbyggjarnamn | laviking[1] | ||
Preposisjon | i Lavik | ||
Ferdselsårer | E39 607 | ||
![]() Lavik 61°06′18″N 5°30′27″E / 61.105°N 5.5075°E | |||
Wikimedia Commons: Lavik |
Lavik er ei bygd, eit kyrkjesokn, og ein ferjestad i ytre Sogn. Lavik har tidlegare òg vore ein sjølvstendig kommune, og fram til 2004 var Lavik namn på eit prestegjeld. Bygda og ferjestaden Lavik ligg på nordsida av Sognefjorden, vest i Høyanger kommune i Vestland. Staden har kyrkje, daglegvarebutikk med post i butikk, bensinstasjon og fjordhotell. Lavik skule er barne- og ungdomsskule for området.