Led Zeppelin IV Studioalbum av Led Zeppelin | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. november 1971 | |
Innspelt | Desember 1970 – mars 1971 på forskjellige stader | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:25 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Jimmy Page | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Led Zeppelin-kronologi | ||
Led Zeppelin III (1970) |
Led Zeppelin IV | Houses of the Holy (1973)
|
Det fjerde albumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin kom ut 8. november 1971. Det finst ingen tittel på omslaget, så det vert som regel kalla Led Zeppelin IV, etter namnestandarden på dei tre første studioalbuma. Andre alternative namn er dei fire symbola på sjølve plata, Four Symbols, The Fourth Album (desse to titlane har vorte nytta av Atlantic Records), Untitled, The Runes, ZoSo og The Hermit. Zoso er òg eit kallenamn på gitaristen i bandet, Jimmy Page.
Då det kom ut var Led Zeppelin IV ein kommersiell suksess som fekk god kritikk. Albumet er ei av dei bestseljande nokon gong med 32 millionar selde eksemplar.[9] Det er seld 23 millionar eksemplar berre i USA, og er det tredje mest selde albumet i landet.[10] I 2003 vart albumet rangert på 66. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.