Leigesoldat

Gurkhaer i Irak. Gurkhaer er leigesoldatar, men er del av ordna militær og har status som stridande.

Ein leigesoldat er ein soldat som gjer teneste for militærapparat i andre land enn sitt eige for pengar. Leigesoldatar er som regel ikkje rekna som stridande og har ikkje rett til å bli tekne som krigsfangar etter internasjonal folkerett.

Ifølgje Genèvekonvensjonane vert ein leigesoldat definert slik:

Ein leigesoldat er ein person som:

(a) er særskilt rekruttert lokalt eller utanlands for å kjempe i ein væpna konflikt;
(b) tek, faktisk, del i denne konflikten;
(c) er motivert til å ta del i konflikten først og fremst for personleg forteneste, som faktisk er lova av, eller på vegner av ein part i konflikten, …;
(d) er ikkje av nasjonalitet til ein av partane, ei heller bur i eit område under kontroll av ein part i konflikten;
(e) er ikkje ein medlem av dei væpna styrkane av ein av partane i konflikten; og
(f) har ikkje vorte sendt av ein stat som ikkje er del av konflikten på offisielt oppdrag for den staten.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne