Lenny Pickett | |||
![]() | |||
Fødd | 10. april 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Las Cruces i New Mexico, USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | Rock, jazz, jazzfunk | ||
Instrument | Saksofon, fløyte, EWI, trompet, klarinett, bassgitar, banjo, synthesizer, munnspel, lyricon, sarrusofon | ||
Kjende instrument | Selmer Mark VI, Berg Larsen 130/0 | ||
Verka som | Musikar, fløytist, klarinettist, komponist, musikkarrangør, musikkalsk leiar, lærar | ||
Prisar | Bessie Award |
Lenny Pickett (fødd 10. april 1954) er ein amerikansk saksofonist, fløytist, klarinettist, komponist, arrangør, musikalsk leiar og lærar. Han var medlem av Tower of Power Horns frå 1972 til 1981, og har sidan 1985 spelt saksofon i Saturday Night Live band. Han har òg vore musikalsk leiar for Saturday Night Live sidan 1995. Han er særleg kjend for altissimo-registeret på saksofonen, som ein kan høyre i kjenninsgmelodien til kvar episode av Saturday Night Live.
Pickett voks opp i Berkeley i California. Han har ingen formell musikalsk utdanning og har ingen skule utover grunnskulen. Utanom ein kort periode i lære hos jazzsaksofonisten Bert Wilson er han sjølvlært på saksofon.[1]
Han vart med i Tower of Power Horns 18 år gammal og har spelt med Elton John, David Bowie, Paul McCartney, Talking Heads, Grayson Hugh og Laurie Anderson. Som komponist har han skrive musikk for gruppa si, the Borneo Horns.