Leonhard Euler, pastell av Emanuel Handmann, 1753 (Kunstmuseum Basel)
Euler var eit barnegeni, fødd og utdanna i Basel. Han arbeidde det meste av livet sitt som professor i matematikk i St. Petersburg, med eit opphald i Berlin. Han ruva i matematikkfaget på 1700-talet, og kom fram til mange sluttingar basert på den nye matematiske analysen. Euler var ein av dei mest produktive matematikarane me har sett, med 75 bind i dei samla verka sine. Dei siste sytten åra av livet sitt, då han skreiv nesten halvparten av dei totale utgjevingane sine, var han totalt blind.