Let's Dance

Let's Dance
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side

Cat People (Putting Out Fire)

Språk engelsk
Utgjeve 14. mars 1983[1]
Innspelt Desember 1982
Studio Power Station, Manhattan, New York City
Sjanger
Lengd 4:08 (singel)
7:37 (album)
Selskap EMI AmericaEA152
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi 
«Peace on Earth/Little Drummer Boy»
(1982)
Let's Dance «China Girl»
(1983)


«Let's Dance» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut som tittelsporet på albumet Let's Dance i 1983. Han var skriven av Bowie og produsert av Nile Rodgers frå bandet Chic, og kom ut som den første singelen frå albumet i mars 1983. Songen vart ein av dei største hittane til Bowie. Han vart spelt inn seint i 1982 i Power StationManhattan og var den første songen spelt inn for albumet. Slutten av songen har ein gitarsolo av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan.

Singelen var ein av dei raskast seljande singlane til Bowie. Han gjekk inn på UK Singles Chart på femteplassen den første veka og låg så på toppen av singellista dei tre neste vekene.[8] Kort tid etter toppa singelen òg Billboard Hot 100, og vart den første og einaste singelen til Bowie som toppa listene i både USA og Storbritannia. Det var òg den andre og siste singelen hans som toppa lista i USA. I Oseania missa han så vidt toppen av den australske lista og låg tre veker på andreplassen der[9] men toppa lista i fire veker i New Zealand. Singelen vart ein av dei bestseljande det året i Nord-Amerika, Sentral-Europa og Oseania. Det er ein av dei 300 bestseljande britiske singlane nokon gong.[10]

  1. «Bowie said Let's Dance on this day in 1983». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Let's Dance – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 «21. mai 1983: David Bowie Hits #1 with 'Let's Dance'». 26. juli 2015. 
  4. «Nile Rodgers Tells the Story of How He Turned David Bowie's «Let's Dance» from Folk to New Wave Funk». 26. juni 2020. 
  5. Anderman, Joan (2. mars 2004). «Indie rockers revel in reinvention». The Boston Globe. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. september 2021. 
  6. Champan, Ian (2015). Experiencing David Bowie: A Listener's Companion. Rowman & Littlefield. s. 159. ISBN 9781442237520. Arkivert frå originalen 6. mai 2016. Henta 3. september 2021. 
  7. Power, Ed (1. mars 2013). «David Bowie's return to the golden years?». Irish Examiner. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 1. september 2021. 
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 421–2. ISBN 978-1-904994-10-7. 
  9. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – 1983». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 14. mai 2017. 
  10. «The UK's Official Chart 'millionaires' revealed» (på engelsk). Arkivert frå originalen 19. september 2017. Henta 3. september 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne