Let It Rock av Chuck Berry

Let It Rock
Singel av Chuck Berry
frå albumet Rockin' at the Hops
B-side

«Too Pooped to Pop (Casey)»

Utgjeve 1960
Sjanger Rock and roll
Lengd 1:46
Selskap Chess
Låtskrivar(ar) Chuck Berry

«Let It Rock» er ein song frå 1960 av Chuck Berry frå albumet Rockin' at the Hops. Same året vart songen gjeven ut på singel og nådde då 64. plassen i USA på Billboard Hot 100-lista. Han vart gjeven ut på singel i Storbritannia i 1963 der han nådde sjetteplassen.

Songen vart opphavleg tilskriven Edward Anderson. Det fulle namnet til Chuck Berry er Charles Edward Anderson Berry.

Songen handlar om å arbeide på ei jernbanelinje medan eit tog nærmar seg arbeidarane. Gitarriffet i opninga, akkordstrukturen og melodien i versa minnar om ein annan Berry-song, «Johnny B. Goode», som òg nemner tog.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne