Leverettbreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 85°38′S 147°35′W / 85.633°S 147.583°W | ||
Lengd | 80 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Leverettbreen 85°38′00″S 147°34′59″W / 85.6333°S 147.583°W | |||
Leverettbreen i Antarktis er ein kring 80 km lang og 4 til 6 km brei isbre, som flyt nordover frå Watson Escarpment, mellom California og Stanford Plateau, og så vest-nordvest mellom Tapley Mountains og Harold Byrd Mountains og munnar ut i den inste delen av Rossbarrieren like aust for Scottbreen. Han vart oppdaga i desember 1929 av Byrd og geologgruppa under Laurence Gould, og vart namngjeven av han etter Frank Leverett, ein eminent geolog ved University of Michigan og ein autoritet på glasiologi i det sentrale USA.
Leverettbreen ligg langs den planlagde ruta gjennom Dei transantarktiske fjella for forsyningsvegen over land mellom McMurdo-basen og Amundsen-Scott-stasjonen.