Lifford

Lifford
Leifear
by
Land  Irland
Provins Ulster
Grevskap County Donegal
Kart
Lifford
54°50′08″N 7°28′40″W / 54.835599°N 7.477913°W / 54.835599; -7.477913
Wikimedia Commons: Lifford

Lifford (irsk Leifear) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Donegal og ligg nordvest på Irland ved grensa til Nord-Irland.

Byen voks opp rundt ei borg bygd av Manghus Ó Domhnaill, herskaren i det vestlege Donegal på 1500-talet, og vart seinare ein engelsk garnisonsby fram til den irske sjølvstendekrigen i 1922. Han ligg ved elva Foyle med Strabane i County Tyrone i Nord-Irland på andre sida. Dei er forbunde via brua Lifford Bridge.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne