Lilla er ein farge som inngår i fargespekteret. I vitskaplege samanhenger vert ordet fiolett bruka om lys med ei viss bølgelengd, medan lilla vert bruka om om alle blandingar mellom raude og blå bølgelengder. Den fiolette delen av spekteret er frå 380 til 430 nanometer, og er dermed det mest kortbølga lyset menneskeauga kan oppfatte. Lys med bølgelengder kortare enn 380 nm er usynleg og vert kalla ultrafiolett stråling. I regnbogen er fiolett det inste av fargebanda.