Lily Bandehy | |
Fødd | 1949 (76 år) Iran |
Yrke | sjukepleiar, skribent |
Born | Tooji |
Lily Bandehy (fødd i 1949) er ein norsk-iransk forfattar, debattant, lærar og psykiatrisk sjukepleiar.[1][2]
Bandehy var fødd i ein landsby utanfor Shiraz i Iran.[3] Ho hadde seks sysken som voks opp.[2]
Femten år gammal blei ho gifta bort til ein eldre slektning, og fekk fire barn med han.[4] Ho var politisk aktiv under både sjah- og Khomeini-regimet.[5] Ho sende bort eldstesonen for å redda han frå å vera soldat i krigen mellom Iran og Irak.[2] I 1988 følgde ho og resten av familien han til Noreg som flyktningar.[2][6][7][8] Ho tok sjukepleiarutdanning og blei åleinemor etter å ha skild seg.[2]
Lily Bandehy har skrive blogg og ei rekkje avisinnlegg, og har verka som konsulent hjå Human Rights Service (HRS).[9]
I 2003 gav Lily ut si første bok, den sjølvbiografiske Jeg kommer fra Iran. Oppfølgingsboka kom i 2011, En slette av valmuar, og i 2014 gav ho ut ei kokebok Smakrike minner fra Persia, den første persiske kokeboka utgjeve i Noreg[10] som òg er omsett til engelsk. I 2019 gav Lily Bandehy ut ein ny personleg roman, Smaken av kirsebær.
Som samfunnsdebattant er Lily kjent gjennom sit kritiske blikk mot religion og då spesielt islam. Ho er opphavleg muslim, men har konvertert til kristendomen. Ho bloggar og skriv særleg om tema som ytringsfridom og religion. I 2008 var ho med å grunnleggja organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfald) og 2016 Ex-Muslim sin of Norway og var nestleiar i organisasjonen Ex-Muslims of Norway.
Bandehy blei tildelt Født Fri-prisen i 2019.[11]
Ho er mor til artisten Tooji.[12]