Lincolnshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Midlands (North Lincolnshire og North East Lincolnshire ligg i Yorkshire and the Humber) | ||
Del av | Aust-Midlands | ||
Areal | 6 959 km² | ||
Folketal | 1 016 600 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Lincolnshire 53°06′N 0°12′W / 53.1°N 0.2°W | |||
Kart som viser Lincolnshire.
| |||
Wikimedia Commons: Lincolnshire |
Lincolnshire (forkorta Lincs) er eit grevskap aust i England. Det grensar til Norfolk, Cambridgeshire, Rutland, Leicestershire, Nottinghamshire, South Yorkshire og East Riding of Yorkshire. Det har òg ei 19 meter lang grense mot Northamptonshire, den kortaste grevskapsgrensa i England. Administrasjonsbyen er Lincoln, der grevskapsrådet har hovudsetet sitt.
Det seremonielle grevskapet Lincolnshire består av det ikkje-metropolitanske Lincolnshire og område dekte av dei sameinte styresmaktene North Lincolnshire og North-East Lincolnshire. Grevskapet er det nest største i England ut frå areal og er dominert av jordbruksområde.
Grevskapet er vidare delt inn i fleire geografiske område, som Lincolnshire Fens (Sør-Lincolnshire), the Carrs (liknande the Fens, men nord i Lincolnshire), Lincolnshire Wolds og det industrielle Humber-estuaret og kysten av Nordsjøen rundt Grimsby og Scunthorpe.