Linda Medalen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juni 1965 (59 år) Sandnes kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Linda Medalen (fødd 17. juni 1965) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Sandnes. Ho vart europameister 1993 og verdsmeister 1995 med Noreg. I tillegg vann ho sølv i EM 1989, EM 1991 og VM 1991 og OL-bronse i 1996. Medalen deltok i 152 landskampar i tida 1987-99 og skåra 64 mål for Noreg. Med fotballaget Asker vann ho fire seriemeisterskap og to noregsmeisterskap. I Japan sikra ho seg med Nikko ein seriemeistertittel og to triumfar i japanske cupmeisterskap.