Lindsay Cooper | |||
Fødd | 3. mars 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hornsey i Nord-London i England[1] | ||
Død | 18. september 2013 (62 år) | ||
Dødsstad | London i England[1] | ||
Fødenamn | Lindsay Cooper | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1971–98 | ||
Sjanger | Avant-rock, eksperimentell, fri improvisasjon, samtidsmusikk | ||
Instrument | Fagott, obo | ||
Tilknytte artistar | Henry Cow, Comus, Feminist Improvising Group, News from Babel, David Thomas | ||
Plateselskap | Recommended, Victo | ||
Verka som | Musikar, komponist |
Lindsay Cooper (3. mars 1951–18. september 2013[2][3]) var ein engelsk fagottist og oboist, komponist og politisk aktivist. Ho er mest kjend for arbeidet sitt med bandet Henry Cow, men var òg medlem av Comus, National Health, News from Babel og David Thomas and the Pedestrians. Ho samarbeidde med ei rekkje musikarar, som Chris Cutler og Sally Potter, og samarbeidde med Feminist Improvising Group. Ho skreiv filmmusikk for film og TV og ein songsyklus Oh Moscow, som vart framført verda rundt i 1987. Ho spelte òg inn fleire soloalbum, som Rags (1980), The Gold Diggers (1983) og Music For Other Occasions (1986).
Cooper fekk diagnosen multippel sklerose i slutten av 1970-åra,[4] men avslørte ikkje dette offentleg før seint i 1990-åra då sjukdommen hennar hindra ho i halde konsertar. I 2013 døydde Cooper av sjukdommen, 62 år gammal.[2][3]