Lindsey Buckingham

Lindsey Buckingham

Lindsey Buckingham med Fleetwood Mac den 3. mars 2009
Fødd3. oktober 1949 (75 år)
FødestadPalo Alto
FødenamnLindsey Adams Buckingham
OpphavUSA
Aktiv1968 til i dag
SjangerRock, pop, new wave
InstrumentGitar, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarFleetwood Mac, Buckingham Nicks
PlateselskapReprise, Polydor, Mercury, Elektra, Asylum, Buckingham Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, plateprodusent

Lindsey Adams Buckingham (fødd 3. oktober 1949) er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som gitarist og mannleg vokalist i musikkgruppa Fleetwood Mac frå 1975 til 1987, og får 1997 og fram til i dag. Utanom tida i Fleetwood Mac, har Buckingham gjeve ut seks soloalbum og tre konsertablum. Som medlem av Fleetwood Mac, vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. I 2011 vart Buckingham rangert på 100. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[1] I Fleetwood Mac var Buckingham kjend for fingerplukkestilen sin på gitar og store vokalrekkjevidda, i tillegg til den stundom intense kjemien mellom han sjølv og den tidlegare kjærasten hans Stevie Nicks.

  1. «The 100 Greatest gitaristar of All Time». Rolling Stone. Henta 20. januar 2012. [daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne