Little Lies

Little Lies
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side

«Ricky»

Utgjeve 29. august 1987
Innspelt 1986
Sjanger New wave, poprock
Lengd 3:38
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Christine McVie
Låtskrivar(ar) Christine McVie, Eddy Quintela
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi 
«Seven Wonders»
(1987)
Little Lies «Family Man»
(1987 UK)

«Everywhere»
(1987 USA)


«Little Lies» er ein song av det engelsk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Han var den tredje singelen frå albumet Tango in the Night. Fram til 2015 har dette vore den siste singelen deira som nådde topp 10 i USA.

Songen vart skriven av klaverspelaren og vokalisten i bandet, Christine McVie og den dåverande ektemannen hennar, Eddy Quintela. Då songen kom ut nådde han fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i i USA (førsteplassen på adult contemporary-lista) og femteplassen på UK Singles Chart. Han vert framleis mykje spelt på radio som ein klassisk hit frå slutten av 1980-åra, i lag med «Everywhere», som kom ut eit år seinare. Musikkvideoen til songen vart filma på ein gard, kring gamle bygningar og jorde.

Teksten handlarom om at songaren heller ønskjer å høyre «små løgner» enn den ulukkelege sanninga frå kjærasten sin.

Singelen vart òg gjeven ut på 12-tommarsformat med ein lengre dance-versjon, ein dub-versjon og B-sida «Ricky». Sistnemnde vart ikkje gjeven ut på albumet og vart skriven av Christine McVie og Lindsey Buckingham. Det vart òg gjeven ut ei avgrensa 12-tommars biletplate i Storbritannia, og det vart den første Fleetwood Mac-singelen som vart gjeven ut på kassettsingel-formatet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne