Little Walter | |||
| |||
Fødd | 1. mai 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Marksville i Louisiana i USA | ||
Død | 15. februar 1968 (37 år) | ||
Dødsstad | Chicago i Illinois, i USA | ||
Fødenamn | Marion Walter Jacobs | ||
Alias | Little Walter | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1945–1968 | ||
Sjanger | Blues, Chicago blues, rhythm and blues | ||
Instrument | Munnspel, vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Muddy Waters, Jimmy Rogers | ||
Plateselskap | Chess, Ora-Nelle, Parkway, Regal, Chance, Tempo-Tone, Checker | ||
Verka som | Musikar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Marion Walter Jacobs (1. mai 1930–15. februar 1968), kjend som Little Walter, var ein USA-amerikansk bluesmusikar, songar og låtskrivar. Jacobs revolusjonerte måten å spele munnspel på og påverka generasjonar av seinare musikarar, og han vart samanlikna med artistar som Django Reinhardt, Charlie Parker og Jimi Hendrix.[1] Virtuositeten og den musikalske nyskapinga hans endra forventningane til lyttarane om kva som var mogeleg for bluesmunnspel.[2] Han vart innlemma i The Rock and Roll Hall of Fame i 2008 i kategorien Sideman,[3][4] den einaste artisten som er blitt innelemma spesifikt på grunn av munnspel.