Live at The Gaslight 1962

Live at The Gaslight 1962
Konsertalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 2005
Innspelt 15. oktober 1962
Sjanger Folk
Lengd 46:29
Selskap Columbia
Produsent Steve Berkowitz and Jeff Rosen
Bob Dylan-kronologi 
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack
(2005)
Live at The Gaslight 1962 Live at Carnegie Hall 1963
(2006)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Live at The Gaslight 1962 er eit konsertalbum av Bob Dylan frå Gaslight cafe i Greenwich Village i New York City i oktober 1962. Albumet kom ut i 2005 på Columbia Records. Konserten vart teken opp tidleg i karrieren til Dylan, medan han enno var stort sett ukjend utanfor Greenwich Village. Takka vere samarbeid mellom forskjellige klubbeigarar og kona til Dave Van Ronk, Terri Thal, klarte Dylan å få festa fleire konsertar til band i denne perioden.

Desse innspelingane har eksistert på piratopptak i mange år, minst sidan 1973. To spor frå denne innspelinga vart tidlegare gjeven ut på offisielle Dylan-album: «No More Auction Block» finst på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991 frå 1991 og «Handsome Molly» finst på den japanske utgåva av Live 1961-2000: Thirty-Nine Years of Great Concert Performances.

  1. Allmusic review

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne