Llyn Cowlyd | |||
innsjø | |||
Nordaustover langs innsjøen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | naturleg innsjø, reservoar | ||
Høgd over havet | 355 moh. | ||
Areal | 1,1 km² | ||
Middeldjupn | 33 m | ||
Største djupn | 70 m | ||
Koordinatar | 53°08′N 3°55′W / 53.133°N 3.917°W | ||
![]() Llyn Cowlyd 53°08′00″N 3°55′00″W / 53.133333333333°N 3.9166666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Llyn Cowlyd |
Llyn Cowlyd er den djupaste innsjøen i North Wales. Han ligg i Snowdonia nasjonalpark langs Carneddau-fjella, 355 meter over havet. Innsjøen er lang og smal og er nesten 3 km lang. Han dekkjer eit areal på 1,1 km², ei middeldjupne på 33 meter og er ned mot 70 meter på det djupaste.
Innsjøen er eit reservoar som forsyner vatn til byane Conwy og Colwyn Bay. Llyn Cowlyd er eit av to reservoar som forsyner vasskraft til aluminumsverka i Dolgarrog. Den andre er Llyn Eigiau, som vart fysisk knytt til Llyn Cowlyd via ein tunnel i 1919 og dette er vatnet som renn ut i innnsjøen ved demninga.
Demninga er kring 10 meter høg og står i nordaustenden. Han består av stein og jord, med betong i midten. Demninga vart offisielt opna i 1922.