Loch Oich | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 6,5 km | ||
Breidd | 1 km | ||
Koordinatar | 57°4′N 4°47′W / 57.067°N 4.783°W | ||
![]() Loch Oich 57°04′10″N 4°46′15″W / 57.069478°N 4.770802°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Oich, Lochaber |
Loch Oich (skotsk-gælisk Loch Omhaich) er ein innsjø i Dei skotske høglanda og er det høgaste punktet i Den kaledonske kanalen.[1] Denne smale innsjøen ligg mellom Loch Ness i nordaust og Loch Lochy i sørvest, i Great Glen.[2] Han får vatn frå River Garry (frå Loch Garry) frå vest og har utløp gjennom River Oich i nord.
Loch Oich har eit rikt dyreliv med mykje fisk, amfibiar, reptil, fuglar og pattedyr.
Kvar haust trekkjer laks opp i Loch Oich, Loch Lochy og Loch Ness for å gyte.
Thomas Telford heva vassnivået i innsjøen med fleire meter for å gjere han farbar for båtane i Den kaledonske kanalen.[3]