Lockheed Martin F-16 Fighting Falcon er eit amerikansk kampfly opphavleg produsert av General Dynamics. F-16 er i bruk i mange land over heile verda, blant anna i Noreg, Danmark, Nederland, USA og Belgia.
Flyet et basert på det såkalla «fly by wire»–konseptet, der alle kommandoane frå piloten vert styrte elektronisk via straumkablar. Første prototyp, YF-16, flaug i 1974, og F-16 gjekk inn i teneste den 17. august 1978. Jagarflyet vart bestemt kjøpt inn til det norske luftforsvaret i 1975. Det første flyet kom til Noreg i 1981.
Totalt er det produsert ca. 3 000 fly.