Lodger Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. mai 1979 | |
Innspelt | September 1978 til mars 1979 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 34:38 | |
Selskap | RCA | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Stage (1978) |
Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) (1980)
|
Singlar frå Lodger | ||
|
Lodger er det 13. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 25. mai 1979 på RCA Records. Etter eit hendingsrikt år med to studioalbum, Low og “Heroes”, og mange andre sideprosjekt i 1977, la Bowie ut på Isolar II-turneen i 1978. Under ein pause i turneen kom Bowie saman att med samarbeidspartnaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti for å spele inn det neste albumet sitt. Det siste albumet i Berlintrilogien vart hovudsakleg spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits, i september 1978. Dei fleste musikarane som hadde vore med på dei to førre albuma kom attende, i lag med den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew, som kom med frå turneen.
Under innspelinga vart det nytta teknikkar inspirert av Eno sine Oblique Strategies-kort, som at musikarane byta instrument og spelte gamle songar baklengs. Etter Isolar II-turneen, vart det gjort fleire opptak og miksing i Record Plant i New York City i mars 1979. Musikken på Lodger er skildra som kunstrock og eksperimentell rock, men manglar dei elektroniske og ambiente stilane og har ikkje den same delinga mellom songar og instrumentalar som dei to førre albuma. I staden hadde det ein meir vanleg songstruktur og utforskar stilar som avant-pop, verdsmusikk og new wave. Tekstane på albumet er delte inn i to større tema: reise (hovudsakleg side ein) og kritikk av den vestlege sivilisasjonen (hovudsakleg side to). Popartisten Derek Boshier tok det tilhøyrande plateomslaget og syner Bowie som eit offer for ei ulukke.
Lodger selde moderat og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og 20. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det inneheld fire singlar, inkludert den britiske topp 10-hitten «Boys Keep Swinging». Nyskapande musikkvideoar regisserte av David Mallet vart laga til tre av dei fire singlane. Albumet fekk opphavleg blanda kritikk frå kritikarane, og mange kalla albumet det svakaste i Berlintrilogien. I løpet av åra har albumet modna og kritikken har blitt betre og det vert i dag av mange rekna som eit av dei mest undervurderte albuma til Bowie. Verdsmusikkelementa har blitt trekt fram som særskild innverknadsrik. Bowie og Visconti var misnøgde med den originale miksen og i 2015 miksa Visconti albumet på ny med godkjenning frå Bowie for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) som kom ut i 2017, i lag med ein ommastra versjon av den originale utgåva.