Lodur er ein ås i den norrøne gudelæra.
Etter Voluspå skapte han, saman med Odin og Høne, dei første menneska. Ved skapinga gav Odin ånd, Høne gav tanke og Lodur gav blod og kroppsvæsker.
Voluspå}, 18. verset
|
Vi høyrer ikkje meir til Lodur etter dette. Ein måte å forstå dette på, er at han ikkje lenger kunne leve når han hadde gitt menneska blod og kroppsvæskene livet var knytt til. Høne, som hadde gitt menneska tanken, var utan vett etter skapinga.