Lodve Solholm | |||
![]() | |||
Fødd | 14. mars 1949 (75 år) Vestnes | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar, embetsmann | ||
Alle verv |
|
Lodve Solholm (fødd 14. mars 1949 på Vestnes) er ein norsk politikar for FrP, og fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2009 til 2018.
Solholm tok lærarskuleeksamen i 1972 og tok statsvitskap grunnfag ved Høgskolen i Molde i 1995.
Han var etatsjef for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune 1995-1997 (permisjon frå 1997).
Han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1989. Han var president i Lagtinget i perioden 2001-2005. Som stortingsrepresentant var han medlem i Løvebakken mållag. Solholm vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, han tok over embetet Ottar Befring då stortingsperioden gjekk ut. Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum og var styreleiar i Allkunne AS 2014-2016.[1]