Lofoten | |||
øygruppe | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland fylke | ||
![]() Lofoten 68°19′59″N 14°39′59″E / 68.333056°N 14.666389°E | |||
Wikimedia Commons: Lofoten |
Lofoten (lulesamisk Lufoahtta, nordsamisk Lufuohttá) er ei øygruppe i Nordland fylke, som ligg nord for polarsirkelen på 67. og 68. breiddegrad. Øygruppa strekker seg langs nordsida av Vestfjorden frå Raftsundet i nordaust, til Skomvær utfor Røst i sørvest. Dei største øyane i Lofoten er frå nordaust Austvågøy (526,7 km²), Gimsøy (46,4 km²), Vestvågøy (411,1 km²), Flakstadøya (109,8 km²) og Moskenesøya (185,9 km²). I tillegg høyrer ein del mindre, til dels tett busette øyar som Store Molla, Skrova, Henningsvær, Værøy og Røstlandet til Lofoten. Nord for Lofoten ligg øygruppa Vesterålen.
Administrativt utgjer Lofoten eit tingrettsdistrikt som omfattar kommunane Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy og Røst. Sørvestspissen av Hinnøya høyrer som del av Vågan kommune såleis administrativt til Lofoten, medan den nordaustlege delen av Austvågøy høyrer til Hadsel kommune i Vesterålen. Lofoten prosti omfattar dei nemnde kommunane unntatt Værøy og Røst. Tingrettsdistriktet har eit samla flateinnhald på 1 226 km² med over 25 000 innbyggarar.[1]