Logos (gresk for ‘meining, fornuft’ eller ‘ord’), er eit omgrep frå gresk filosofi[1] og kristen tenking og er eit viktig ord i mange moderne, vitskaplege samanhengar, som i suffikset -logi (biologi, sosiologi, teologi o.l.) i tydinga den rasjonelle læra om noko. Nokre gamle nemningar som teologi endrar i vitskapleg tidsalder meining frå å tyde ‘læra om Gud’, til å tyde ‘lære om trua på Gud’ (av di det berre er mennskelege uttrykk for tru ein kan forske på, ikkje Gud sjølv).[treng kjelde]
Logos-omgrepet vert først tilskrive filosofen Heraklit, som seinare gav det vidare til Platon og stoikarane. Gjennom møtet med jødisk tenking vart logos-omgrepet avgjerande for utforminga av eit kriste gudsbilete. [treng kjelde]