Lonnie Mack | |||
![]() Mack i Rising Sun i Indiana i 2003 | |||
Fødd | 18. juli 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | West Harrison i Indiana i USA | ||
Død | 21. april 2016 (74 år) | ||
Dødsstad | Smithville i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Lonnie McIntosh | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–2004 | ||
Sjanger | Rock, blues, country, soul, rockabilly, gospel, bluegrass. | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Plateselskap | Alligator, Elektra, Fraternity, Capitol, Flying V Records, Jewel, King, Ace, Epic, Sage Records, Dobbs Records | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar |
Lonnie McIntosh (18. juli 1941–21. april 2016), kjend under artistnamnet Lonnie Mack, var ein USA-amerikansk rockemusikar med røter djupt i roots-musikk frå Sørstatane.[1][2] Sjølv om han gjennom det meste av karrieren sin stod utafor rampelyset,[3][4] vert han rekna som ein av dei «viktigaste og innverknadsrike» gitaristane i den tidlege rockehistoria,[5] ein banebrytar innan bluesrock,[6][7][8][9][10] og ein av dei beste blue-eyed soul-songarane.[11]
Han slo gjennom i 1964 med hitsinglane «Memphis» og «Wham!», og debutalbumet The Wham of that Memphis Man, alle for det vesle Cincinnati-selskapet Fraternity Records. På desse innspelingane introduserte Mack ein nyskapande gitarstil som blanda den etablerte akkord-og-riff-forma frå tidleg rock[10] med «skarpe, aggressive, høglydte og kjappe» bluessoloar.[12] Desse innspelingane har blitt sagt å kraftig heve standarden for rockegitaren.[13] Mack sine bluesaktige soloar vart ei viktig inspirasjonskjelde[4] for dei gryande sologitaristane innan både bluesrock og southern rock.[7][14]
Kort tid etter Mack sine innspelingar frå 1963 kom den britiske bølgja, leia av The Beatles. Dette førte til ei brå endring i musikksmaken til mange folk, og mange av dei tidlegare, amerikanske popheltane vart sett til sides,[15] inkludert Mack.[16] Lite skjede i karrieren hans før 1968, då bluesrocken var på sitt mest populære, og det nyskipa magasinet Rolling Stone publiserte ein artikkel om dei banebrytande bluesrockinnspelingane hans fem år tidlegare. Han fekk kort tid etter ein platekontrakt for tre album med Elektra Records i Los Angeles og byrja å spele på større konsertstadder. Innspelingane hans for Elektra dekte fleire musikksjangrar og la lite vekt på gitarvirtuositeten og bluesrock-retninga hans, med skuffande resultat. I 1971 forlet han Elektra, Los Angeles og kommersiell rock for ein lengre karriere innan country og bluegrass.
I 1985 fekk Mack hjelp av Stevie Ray Vaughan til eit fem år langt comeback innan rock,[17] inkludert fire album og ein konsert i Carnegie Hall.[4] Han gav ut det siste albumet sitt i 1990, men heldt fram å spele på mindre stader fram til 2004.