Lookin' Out My Back Door

Lookin' Out My Back Door
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
B-side

«Long As I Can See the Light»

Språk engelsk
Utgjeve 25. juli 1970[1]
Sjanger Southern rock, countryrock
Lengd 2:35
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Up Around the Bend»
(1970)
Lookin' Out My Back Door «Have You Ever Seen the Rain?»
(1971)


«Lookin' Out My Back Door» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av frontmannen John Fogerty og vart gjeven ut på albumet deira Cosmo's Factory i 1970. Singelen vart den femte og siste som nådde andreplassen på Billboard-lista i USA. «Lookin' Out My Back Door» var ei hyllest til Bakersfield Sound, ein musikkstil som påverka John Fogerty og Creedence. Buck Owens, ein av artistane som utvikla Bakersfield Sound er nemnd i teksten.

«Lookin' Out My Back Door» nådde andreplassen på Billboard-lista og gjekk til topps på Cash Box-lista i USA og på VG-lista i Noreg.

Songen vert nytta i Coen-brørne-filmen The Big Lebowski og i We Are Marshall frå 2006.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne