Lou Adler | |
![]() Adler i 2012 | |
Verkeleg namn | Lester Louis Adler |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. desember 1933 (91 år) Chicago, Illinois i USA |
Yrke | Plateprodusent, filmprodusent |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Shelley Fabares, Page Hannah |
Lou Adler på Commons |
Lester Louis Adler (fødd 13. desember 1933) er ein USA-amerikansk plate- og filmprodusent som var med å skipe Roxy Theatre i West Hollywood i California.[1] Adler har produsert og utvikla ei rekkje ikoniske musikkartistar, som The Grass Roots, Jan & Dean, The Mamas & the Papas og Carole King. King-albumet Tapestry var produsert av Adler og vann Grammyprisen i 1972 for årets album og vert rekna som eit av dei største popalbuma gjennom tidene.[2][3][4][5]
Adler var leiande produsent for The Rocky Horror Picture Show[6][7] og oppdaga ot produsere komediealbuma og filmane for Cheech & Chong.[8] I 2006 fekk Adler ei stjerne på Hollywood Walk of Fame for musikkarrieren hans. Han vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 2013 som vinnar, i lag med Quincy Jones, av Ahmet Ertegun-prisen.[9]