Love Her Madly

Love Her Madly
Singel av The Doors
frå albumet L.A. Woman
B-side

«(You Need Meat) Don't Go No Further»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1971
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3:20
Selskap Elektra
Komponist Robby Krieger
Låtskrivar(ar) Robby Krieger
Produsent Bruce Botnick
The Doors-kronologi 
«Roadhouse Blues»
(1970)
Love Her Madly «Riders on the Storm»
(1971)


«Love Her Madly» er ein song av The Doors frå 1971 som er på L.A. Woman, det siste albumet deira med frontmannen Jim Morrison. Songen var skriven av gitaristen Robby Krieger. Jerry Scheff spelar bass på songen. Songen vart gjeven ut på singel i april 1971 og vart ein av dei største hittane til The Doors med ein 11. plass på Billboard Hot 100 i USA. Han gjekk heilt til 4. plass på singellista i Australia.

I 2000 spelte Krieger, John Densmore og Ray Manzarek inn ei ny versjon av «Love Her Madly» med Bo Diddley for hyllestalbumet til the Doors kalla Stoned Immaculate.

Songen vart nytta i filmen Forrest Gump frå 1994.

Songen er òg spelt inn av pianist George Winston på albumet Night Divides the Day - The Music of the Doors.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne