Love Letters from Elvis

Love Letters from Elvis
Studioalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 16. juni 1971
Innspelt 4.-9. juni 1970
Sjanger Softrock, country
Lengd 32:40
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
You'll Never Walk Alone
(1971)
Love Letters from Elvis C'mon Everybody
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
MusicHound2.5/5 stars[2]
Rough Guides1/5 stars[3]

Love Letters from Elvis er eit studioalbum av Elvis Presley, gjeve ut i 1971.

Albumet bestod av overskotsmateriale frå den lange innspelinga til Presley i juni 1970 i Nashville. Dei fleste av dei andre 35 songane som vart spelte inn under denne innspelinga vart kome ut i 1970 på albuma That's the Way It Is og Elvis Country (I'm 10,000 Years Old). RCA Records ønskte å skrive ut eit tredje album frå desse innspelingane, og fekk produsenten Felton Jarvis til må mikse, overdubbe og setje saman dei attverande songane. Albumet fekk dårleg kritikk då det kom ut og nådde ikkje topp 20 på Billboard-lista, men klarte å nå 12. plassen på countryalbumlista i USA og sjuandeplassen på den britiske albumlista.

Tittelsporet var ein av få hittar som Presley spelte inn på nytt i studio. Den originale versjonen av «Love Letters» var blitt gjeven ut på singel i 1966. «Got My Mojo Working» vart korta ned frå ein jam. Presley sin versjon inneheld tekst frå «Hands Off», ein song frå 1955 av Frankie Castro.

Tre songar på albumet vart gjevne ut på singlar. Singelen «Life / Only Believe» kom ut i mars 1971 og nådde berre 53. plassen på singellista. Dette var den lågaste plasseringa til Presley sidan «Almost in Love» nådde 95. plassen seint i 1968. «Heart of Rome» vart gjeven ut som B-sida til singelen «I'm Leavin'» i august 1971 og nådde 23. plassen i Storbritannia og 83. plassen i Australia.

  1. Love Letters from ElvisAllmusic
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 146. ISBN 1-84353-417-7. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne