Love Is All Around Singel av The Troggs frå albumet Cellophane | ||
B-side |
«When Will the Rain Come» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | Page One, Fontana, Mercury | |
Tekstforfattar | Reg Presley | |
Låtskrivar(ar) | Reg Presley | |
Produsent | Larry Page | |
The Troggs-kronologi | ||
«Hi Hi Hazel» (1967) |
Love Is All Around | «Little Girl» (1968)
|
«Love Is All Around» er ein song av det engelske rockebandet The Troggs. Han vart skriven av frontmannen Reg Presley og var visstnok inspirert av ei fjernsynssending av bandet Joy Strings frå Frelsesarmeen av «Love That's All Around».[1][2] Songen vart først gjeven ut på singel i Storbritannia i oktober 1967 og nådde der femteplassen på singellista. På Hot 100-lista i USA gjekk songen inn på 98. plassen i februar 1968 og nådde sjuandeplassen i mai 1968, og låg i alt 16 veker inne på lista. Songen vart òg gjeven ut på albumet Cellophane.
«Love Is All Around» ar blitt spelt av mange andre artistar, inkludert R.E.M., som The Troggs spelte inn albumet Athens Andover med i 1992. R.E.M. sin versjon kom ut som B-sida til singelen deira «Radio Song» i 1991. Wet Wet Wet sin versjon vart spelt inn for filmen Four Weddings and a Funeral i 1994 og vart ein enorm hit verda over, og låg mellom anna 15 veker på toppen av UK Singles Chart.