Lowell George | |||
| |||
Fødd | 13. april 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hollywood i California USA | ||
Død | 29. juni 1979 (34 år) | ||
Dødsstad | Arlington i Virginia USA | ||
Fødenamn | Lowell Thomas George | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965–1979 | ||
Sjanger | Bluesrock, rock and roll, boogierock, southern rock, countryrock, R&B, blues, funk, blue-eyed soul, swamp rock | ||
Instrument | gitar, vokal, munnspel, fløyte, saksofon, sitar | ||
Kjende instrument | Fender Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | Little Feat, Mothers of Invention | ||
Plateselskap | Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar | ||
Born | Inara George | ||
Prisar | Americana Music Association President's Award |
Lowell Thomas George (13. april 1945–29. juni 1979) var ein amerikansk låtskrivar, multiinstrumentalist og plateprodusent, som var den fremste gitaristen, vokalisten og låtskrivaren i rockebandet Little Feat.[1] Lowell George var fødd i Hollywood i California som son av Willard H. George, ein pelshandlar som avla chinchillaer (haremus) og leverte pels til filmstudio.
Det første instrumentet til George var munnspel. I ein alder av seks år opptredde han på Ted Mack's Original Amateur Hour der han framførte ein duett med den eldre broren sin Hampton. På Hollywood High School byrja han spille fløyte i orkestret til skulen, og då han var elleve år gammal byrja han å lære seg gitar samstundes som han heldt fram å spele munnspel. Seinare lærde han seg saksofon og det den gongen sjeldne instrumentet sitar. Han spelte gitar saman med ein skulekamerat og framtidige bandmedlem, Paul Barrere.