Lower Hutt (engelsk) Awakairangi (maori) | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
![]() |
Territorial Authority (City) |
Geografi | |
Flatevidd | 377, 135 km² |
Flatevidd - City - Urbant |
377 km² 135 km² |
Innbyggjarar[1] - City (2008) - folketettleik |
101 600 295,5/km² |
Koordinatar | Coordinates: Missing longitude |
Høgd over havet | 0 m |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC) +13 (UTC) |
Region: Wellington | |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.huttcity.govt.nz/ |
Lower Hutt (maori Awakairangi) er ein by (City) i regionen Wellington på New Zealand. Lower Hutt er den tiande største byen på New Zealand etter innbyggjartal, og har ei flatevidd på 376,74 km².
Byrådet har gjeve han namnet Hutt City Council, men korkje New Zealand Geographic Board (eit organ som har ansvar for namngjeving av geografiske og hydrografiske område som ligg under newzealandsk juridiksjon) eller Lokalstyrelova (Local Government Act) godkjenner namnet Hutt City. Dette namnet kan føra til forvirring, ettersom det er to byar i Hutt Valley, Lower Hutt og Upper Hutt. Upper Hutt City Council har òg kome med innvendingar mot namnet Hutt City. Det tidlegare Hutt County omfatta mykje av områda både til Upper Hutt og Lower Hutt.