Luck of the Draw Studioalbum av Bonnie Raitt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1991 | |
Innspelt | September 1990 til februar 1991 | |
Studio | Ocean Way Recording (Los Angeles); Capitol Studios og Conway Studios (Hollywood). | |
Sjanger | Blues rock | |
Lengd | 53:39 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent |
| |
Bonnie Raitt-kronologi | ||
---|---|---|
Nick of Time (1989) |
Luck of the Draw | Longing in Their Hearts (1994)
|
Singlar frå Luck of the Draw | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Chicago Tribune | ![]() ![]() ![]() ![]() |
Entertainment Weekly | A[3] |
Los Angeles Times | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | A[5] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Luck of the Draw er det 11. studioalbumet til den amerikanske songaren Bonnie Raitt, gjeve ut i 1991.
Etter at ho vart nominert til fire Grammy-prisar for albumet Nick of Time, som kom i 1989, trekte Raitt seg attende til Nord-California for å byrje arbeidet på Luck of the Draw. «Eg trekte meg attende med vilje for å sjå om eg kunne komme opp med noko», sa Raitt i 1991. «I tilfelle eg vann, så ønskte eg å vere sikker på at eg hadde skrive noko, og ikkje følte at Nick of Time berre var eit lykketreff. Eg ønskte ikkje å vinne fordi eg hadde slutta å drikke og brukt tjue år på å ikkje tene pengar. Det var ikkje nok. Så eg tvang meg sjølv attende til å skrive musikk. Det var tre fire dagar der det ikkje skjedde noko — men fordi eg ikkje hadde alkohol eller misnøye eller noko som kom i vegen, så byrja det å opne seg opp og eg byrja tre av fire songar som er på dette albumet. Og det hadde ikkje noko å seie om eg vann eller ikkje, for eg hadde bevist for meg sjølv om at det var ok.»
Albumet selte betre enn Nick of Time med sju millionar eksemplar i USA aleine innan 2010, og vart marknadsført med ein 180 konsertar lang turné frå 1991 til 1993. Albumet gjore det òg godt i andre land, som Frankrike og Italia. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar.
I plateomslaget dediserte Raitt albumet til bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan, som døydde i 1990 og som hadde oppfordra henne til å stoppe alkoholmisbruket.