Luktesalt er kjemiske stoff med skarp lukt som blir brukt til å gjenvekka medvit gjennom luktesansen. Luktesalt kan ofte innehalda salt som hjortetakksalt eller ammoniumkarbonat. I England var «luktesalt» gjerne ei blanding av konsentrerert eddiksyre og kaliumsulfat.
Tidlegare blei luktesalt mykje brukt i samband med besviming. Folk kunne bera dei med seg i ei lita lukteflaske eller eske. I nyare tid er dei blitt brukt ein del av idrettsutøvarar som boksarar og vektløftarar for å spora dei til innsats.[1]