Lumpy Money

Lumpy Money
Samlealbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 23. januar 2009
Innspelt 1967 til 1968
Sjanger Rock, orkestermusikk, eksperimentell
Lengd 205:29
Selskap Zappa
Produsent Gail Zappa
Joe Travers
Frank Zappa-kronologi 
Joe's Menage
(2008)
Lumpy Money Philly '76
(2009)


The Lumpy Money Project/Object er eit samlealbum av Frank Zappa. Det kom ut posthumt den 23. januar 2009 og består av songar frå Lumpy Gravy og We're Only in It for the Money og songar som ikkje tidlegare var gjevne ut. Heile utgjevinga fungerer som ein lyddokumentar om korleis dei to albuma vart spelt inn.

Den første plata inneheld 1967-versjonen av Lumpy Gravy, ment for utgjeving på Capitol Records og monomiksen av We're Only in It for the Money frå 1968. Den andre plata inneheld to miksar førebudd av Zappa i 1984, med nye trommer av Chad Wackerman og bass av Arthur Barrow. Lumpy Gravy-miksen kjem frå 1968-utgåva. Denne tredje versjoenn av albumet er ikkje blitt gjeve ut i heilskapen sin. Eit utdrag finst på ein sampler frå boksen The Old Masters.[1]

  1. Zappa, Gail. Plateomslagstekst for Lumpy Money. Zappa Records.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne