Lupe

Luper finst i mange variantar og er vanlegvis enkle å nytte.
Lupe nytta av urmakarar som arbeidde med mekaniske lommeur og armbandsur. Lupa er utforma slik at urmakaren kan knipa lupa fast framfor sitt eine auge, og såleis lett rette synet mot dei små delane i uret samstundes som båe hendene var frie til arbeid.

Ei lupe eller eit aukeglas er ei optisk linse som vert nytta som eit hjelpemiddel for å studere ting på nært hald. Luper skil seg frå andre forstørringsgjenstandar, til dømes briller, ved at dei har ei anna utforming.

Lupa vert nytta i mange yrke, til dømes av kirurgar, tannlækjarar, gullsmedar, urmakarar og i andre presisjonsyrke.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne