Lydkort

Eit PCI-lydkort: Sound Blaster Live! Value.

Lydkort er ei I/O-eining som tillet ei datamaskin å ta opp og spela av lyd. Hovudoppgåva til eit lydkort er å omforma analoge inn-signal til PCM-format, som kan lagrast og handsamast på ulike måtar på datamaskina, og likeeins omforma ein PCM-straum til analoge signal på utgangane. Lydkort har difor innebygd AD- og DA-omformarar. Moderne lydkort er ofte bygde rundt ein ASIC eller FPGA. Maskinvara på lydkort vert kontrollert av ein drivar, som køyrer i kjernemodus i operativsystemet på datamaskina. Drivaren er ansvarleg for å overføra PCM-audiostraumar mellom lydkortet og RAM i datamaskina.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne