Lyngheilandskapet er eit skoglaust kulturlandskap der røsslyng utgjer ein vesentleg del av vegetasjonen. Slike landskap har gjennom fleire tusen år prega vestkystane av Europa, mellom anna i Noreg, Danmark, Skottland, Irland og Portugal. Felles for lyngheiene er røsslyngen som dominerande art, medan førekomsten av andre artar varierer. Lyngheilandskapet var eit menneskeskapt landskap; husdyr som beita i utmarka året rundt var den avgjerande faktoren.
I Noreg var det på Vestlandet store område langs kysten som kunne kallast lyngheilandskap. Lyngheilandskapet si soge på Vestlandet er knytt til gardsbusetnad. Pollenanalyse av prøvar kan fortelje vegetasjonshistoria for eit område, og gjev dermed innblikk i gardsbusetnaden si historie.
Typisk for lyngheiene i dag er at dei gror til med skog i takt med at beitepresset er redusert til eit absolutt minimum. Der det på 1970-talet framleis var open lyngmark er det no som regel stor skog.