Lyrisk sopran er ei sopranrøyst for operasongarar som er meir «lett» og med meir utprega modulasjon enn dramatisk sopran, og i større grad skildrar kjensler og stemningar. Samstundes er ho «tyngre» enn subrette. Omgrepa «lett» og «tung» skildrar fleire eigenskapar innan stemmefysiologi, som omfang, klangfarge, rørsle, volum og berekraft. Ein lyrisk sopran har ein varm, lys klangfarge. Ofte blir røysta delt inn i lys lyrisk sopran og full lyrisk sopran.[1]
Lyriske sopranar har typisk eit register frå rundt middel C (C4)] til «høg D» (D6).[2] Dette er den vanlegaste kvinnerøysta.[3]