Lyse kloster | |||
| |||
![]() Lyse kloster 60°13′40″N 5°24′20″E / 60.22777778°N 5.40555556°E |
---|
Lyse kloster eller Lysekloster er eit tidlegare kloster i Os i Bjørnafjorden kommune i Vestland.[1] Det ligg 27 km sør for Bergen på garden Lysekloster inst i Lysefjorden i Os i Hordaland fylke. Klosteret vart skipa i 1146 av munkar frå klosteret Fountains Abbey i England etter oppfordring av biskop Sigurd frå Bergen, og var det eldste cisterciensarklosteret i Noreg.[2] Til liks med andre cisterciensarkloster, var klosteret vigsla til gudsmora Maria, himmeldronninga.[3] Klosteret var i funksjon fram til 1536, då reformasjonen kom til Noreg.[1]
Kloster hadde stor vyrdnad og velstand og alt i 1207 skipa dei eit systerkloster på Tautra. Mange av abbedane var drivande forretningsmenn og klosteret hadde eigne skip som dei reiste til England med for å drive handel. Klosteret hadde laksefiske i Oselva og ein eigen handelsgard på Stranda i Bergen. Særleg eigde klosteret mange jordegods i Sunnhordland