Maartin Allcock | |||
![]() Allcock med Swarb's Lazarus under Cropredyfestivalen i Oxfordshire, 12. august 2006 | |||
Fødd | 5. januar 1957 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Middleton i Lancashire i Storbritannia | ||
Dødsstad | London | ||
Alias | Martin Allcock | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1976–2018 | ||
Sjanger | Keltisk folk, elektrisk folk, rock, folkrock | ||
Instrument | Vokal, gitar, fele, klaverinstrument, mandolin | ||
Tilknytte artistar | Fairport Convention, Jethro Tull | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Maartin Allcock (fødd 5. januar 1957), òg kjend som Martin Allcock, er ein multi-instrumentalist og plateprodusent.
Han var fødd i Middleton i Lancashire og studerte musikk i Huddersfield og Leeds. Han byrja å spele profesjonelt i januar 1976 i danseband og folkeklubbar. Den første turneen hans var i 1977 med Mike Harding som ein av the Brown Ale Cowboys. Han flytte mellombels til Bretagne i 1978, og lærte kokkeyrket der. Då han kom attende til Manchester studerte han for å bli chef, og arbeidde på Shetlandsøyane i 1980.
I 1981 vart han medlem av the Bully Wee Band, ei keltisk folkemusikkgruppe, og frå oktober 1985 til desember 1996 vart han sologitarist i Fairport Convention, og i fire år spelte klaverinstrument med rockebandet Jethro Tull frå januar 1988 til desember 1991. Sommaren 1991 spelte han òg klaverinstrument for The Mission.